Bygdagut.com Rosablogg frå inkårstaden

Store ord


SV-annonsa er slik FRP ynskjer å framstille SV. FRP-annonsa slik SV ynskjer å framstille FRP.

I den politiske debatten står vi no til knea i tabloid møk. Sjølv debattane der alle eigentleg er einige, vert ei nådelaus slagmark. Kvar vart det av den konstruktive debatten? Sjølv politikarar har to øyrer og ein munn. Dei viktige debattane har ikkje to strek under svaret. Kvifor kan ikkje Jonas seie rett ut at han «baisa på leggen» når han sa ja til politireforma; den vart alt anna enn ei nærpolitireform. Eg vil ha politikarar som vågar, og som gjer feil, og som ikkje leikar peikeleiken.

Eg vil kalle det ei politksk klimakrise. Eit politisk klima der politikarar som kallar ei flyktningkrise for ein spade – vinn fram. Ei absurd forekling av ei av vår tids største dilemma vert: «Norge skal ikke ta imot båtmigranter». Dette gjev stor politisk gevinst og vinnande merksemd i alle mediekanalar. For all del – vi treng slike politikarar også. Nett slik vi treng noko Co2 i atmosfæren.

Politikarane vert (dei kanskje ufrivillge) tåkefyrstane. Når dei viktige politiske avgjerdene vert sett ut i live skjer det utanom det offentlege rom. Dei er outsourca til konsultentar, helseforetak og militsar i Libya. Politikarane er lukkelege for at tåka ligg som gyllelukta på Breim i juli.

Flyktningespørsmålet er vanvittig kompleks, utan fasit. Vi kjem aldri til å handtere den perfekt. Om vi klarer køyre ein god og open prosess får vi eit betre resultat (som om byfolk skulle sagt det). Saka vert ikkje løyst med tabloide ein-linjera og likes.

Eg stemmer for å byggje garasje under Stortinget.

" Legge vekk dei store orda, berre vera til på jorda -Olav Stedje
20190902